Kajakktur på hardangerfjorden
Kajakktur med tur til Skåro
Denna turen er perfekt heildagsaktivitet for familien, og ein tur som tar oss inn i fortida! Me er ca. 7-8 timar på tur denne dagen. Ca 3 timar i kajakken, resten av dagen brukar me på å gå på tur i nydelig terreng, nyte utsikt, drikke deilig friskt fjellvatn og nyte ein god luns ute i det fri. Det er også mulig å bade i sjøen viss det er ynskjeleg.
Garden på Skåro er ein fråflytte gard som blei bygd på 1600 tallet. Den er plassert på ei fjellhylle rundt 300 meter over fjorden. Bonden Jon J. Skaar var den siste som budde fast på garden.
Turen startar som vanleg med intro til turen, dagens vær og kva me kan forvente oss av dagen. Deretter ein liten sikkerhetsbrief før me siller inn kajakken og tester å sette oss oppi. Me tar det rolig til dykk begynner å føle det går bra og so begynner me å padle innover. Det er nesten 6 kilometer å padle inn til Skårolandet der me skal gå i land.
Her bytter me kleder og sko viss det er nødvendig og begynner å gå den utrulig flotte stien oppover mot Skåro. Dette er ein tur med veldig masse historie og du får ein følelse av å gå inn i fortida. Ein kan berre førestilla seg korleis det var å bu og drive gard her for 3-400 år sidan. Er været med oss so får me ein nydeleg utsikt på vegen opp og når me kjem til topps.
Turen opp er ca. 1,5 km lang og 300 høgdemeter, og normalt sett brukar me 1,5-2 timar opp. Deretter ventar returen, og er det forhold for det so padlar me på motsatt side av sundet tilbake. Me brukar ca 8 timar totalt på denne aktiviteten inkludert intro og lunsj.
Dykk møter guiden i Porsmyr, bruk gjerne Google maps-linken her https://maps.app.goo.gl/vAohE4djHFoHhDL46 Me begynner med ein liten presentasjonsrunde, gjennomgang av utstyr og deretter om sikkerhet. Vil også vise korleis ein kjem seg opp i kajakken att viss uhellet er ute, korleis ein setter seg oppi kajakken og kjem seg ut att. Viss du aldri har padlet kajakk før går det ofte ein halvtime til å bli vandt til det og få kontrollen , denne tiden brukar me i nærheten av startpunktet.
Krav til deltakarene:
Alle deltakarane må kunne symje og vere komfortabel med å opphalde seg i vatn viss uhellet skulle være ute og kajakken går rundt. Guiden vil hjelpe og få deltageren trygt oppi kajakken igjen for å fortsette turen. Du må vera i normal fysisk form. Du må også kunne gå i ulendt terreng på heile turens lengde og være vandt til å gå ca 300 høgdemeter. Nokre plassar er det litt utsatt terreng, og nokre plasser der det er lagt ut tilrettelegging. Steinar og røter kan være glatte so du må ha sko tilpassa terreng med gode spor i.
Pakkeliste:
Varme og gode underklær etter vær og temperatur (helst ull)
Regnjakke/skallbekledning etter behov
Sko til å padle i (du blir våt på beina, joggesko eller liknande)
Tørt klesskift
Tørre terrengsko eller fjellsko
Badetøy og handduk viss du vil bade
Solbriller og caps (eigne preferanser)
Solkrem
Tett pose eller mappe til telefon og annet elektronisk utstyr som ikke tåler vann
Lunsj
Drikke
Sitteunderlag
Fyrstehjelpssett (viss du har, guiden har uansett med)
Inkludert i prisen:
Guide
Sikkerhetsutstyr
Kajakkutstyr
Ikkje inkludert i prisen
Forsikring
Transport til eller frå Porsmyr eller avtalt møteplass
Mat og drikke
Gruppestørrelse er maksimum 6 stk. Aldersgrense på denne turen 10 år, men må då sitte i tandemkajakkk og må vera symjedyktig. Aldersgrense for å padle egen kajakk er 13 år.
8 timars tur inkludert intro og lunsj
1-2 personer kr. 5900
Ved grupper over 2. + kr. 1100,- ekstra pr. person
Ved å bestille denne aktiviteten godtar du vilkårene som ligger her