2 dagers tur med Kajakk til Botnen og overnatting på hytte
Kajakktur til Botnen og overnattingstur på hytte
Om turen
Denne turen er ei av dei flottaste naturopplevingane Hardingfjell kan tilby. På to dagar får du oppleve den spektakulære kombinasjonen av kajakk, høgfjell og hytteovernatting – alt omgitt av den dramatiske naturen i Fyksesundet.
Eventyret startar frå Porsmyr (https://maps.app.goo.gl/vAohE4djHFoHhDL46) med ein roleg padletur på om lag 6,5 kilometer inn den smaragdgrøne fjorden til den veglause bygda Botnen. Med bratte fjellsider, høge fossar og ei rik historie er dette ei naturoppleving du berre kan få frå sjøsida.
Frå Botnen tek me fatt på fjellturen mot ei av dei karakteristiske hyttene i området – Breidablik, Vending eller Kiellandbu. Kvar hytte har sin eigen sjarm og utsikt, og du kan ønskje kva hytte du vil overnatte på når du bestiller. Kiellandbu har avgrensa kapasitet, så her er det avhengig av ledige plassar.
Etter ein innhaldsrik dag ventar ei hyggeleg kveld på hytta med god mat, roleg stemning og utsikt over det vakre fjellandskapet. Morgonen etter held me fram turen før me enten returnerer til Botnen og padlar tilbake, eller går vidare til Soldal, der drosje tek oss tilbake til startpunktet i Porsmyr.
Turen passar for deg som ønskjer ei aktiv naturoppleving og er komfortabel med lange dagar i fjellet. Avhengig av val av hytte kan du forvente mellom 6 og 12 kilometer vandring og opptil 1 100 høgdemeter i variert og til tider krevjande terreng. Til gjengjeld får du oppleve noko av det aller vakraste Kvamafjella har å by på.
Krav til deltakarene:
Alle deltakarane må kunne symje og vere komfortabel med å opphalde seg i vatn viss uhellet skulle være ute og kajakken veltar. Guiden vil hjelpe og få deltageren trygt oppi kajakken igjen for å fortsette turen. Du må vera i normal fysisk form. Du må også kunne gå i ulendt terreng på heile turens lengde. Denne turen går i høyfjellet og du må kunne pakke med deg klær etter forholdene, men også med tanke på at været fort kan skifte. Nokon i gruppa må også hjelpe til å bære litt sikkerhetsutstyr som vindsekk og sitteunderlag.
Pakkeliste (må ha)
Tørt klesskift
Ullundertøy (lag på lag prinsippet)
Mellomplagg
Tynn boblejakke eller tilsvarende
Gode vanntette terrengsko eller fjellsko
Skalljakke med god hette
Skallbukse
Tynne votter eller hansker
Hue
Solbriller
Caps (viss ynskjeleg)
Solkrem
Tett pose eller mappe til telefon og annet elektronisk utstyr som ikke tåler vann
Lunsj
Drikke
Dagstursekk (30 liter)
Vindsekk viss du har
Liggeunderlag/sitteunderlag viss du har
Inkludert i prisen:
Guide
Sikkerhetsutstyr
Kajakkutstyr
Taxi tilbake til utgangspunktet
Henting av kajakker
Ikkje inkludert i prisen
Forsikring
Transport til eller frå Porsmyr eller avtalt møteplass
Mat og drikke
Pris
Gruppestørrelse er maksimum 6 stk. Aldersgrense på denne turen 12 år, og må vera symjedyktig og vandt til å gå lange turar i ulendt terreng.
Denne turen går over to dagar.
1-2 personer kr. 13600,.
For grupper større enn 2. +kr. 2100 ekstra pr. person.
Ved å bestille denne aktiviteten godtar du vilkårene som ligger her