Kajakktur kombinert med lang fjelltur

Bestill her
Person i kajakk på vannet nær en steinete kystlinje og grønne trær.

Kajakktur til Botnen og lang fjelltur

Om turen

Dette er ein av kremturene i området og er kun for dei aller tøffeste! Denne turen er lang og krevende og går i det grommeste fjellterrenget kommunen har å by på! Perfekt for deg som vil nytte heile dagen ute og få det beste av det beste av fjord og fjell. Her får du kombinert fantastisk padling inn sundet til den fråflyttede bygda Botnen. Herifrå fylgjer me ein gamal buføringssti opp Botnadalen eit godt stykke til me tar av og vender nasa i sørvestleg retning og fylgjer kanten av Fyksesundet tilbake. Turen går delvis på sti og delvis utan sti i småkupert og ulendt terreng.

Padleturen inn til Botnen er omlag 6.5km og me brukar ca. 1.5-2 timar og padle inn. Deretter går me vidare i roleg tempo gjennom den nydelege fråflytta bygda Botnen og videre opp Botnadalen langs buføringssti. Terrenget og omgjevnadane er nydelege i dette området. Videre langs kanten av sundet tilbake til Soldal. Forhåpentlegvis får me flott fjordutsikt enkelte plassar. På Soldar får me taxi som tar oss tilbake til utgangspunktet.

Kajakkturen - ca. 6,5km og 1,5-2 timar

Fotturen - ca 20km og 1300 hm. 10 timar effektiv gange

Ca. 12 timars tur pluss pausetider totalt sett.

Dykk møter guiden i Porsmyr, bruk gjerne Google maps-linken her https://maps.app.goo.gl/Ba1iwwSikDHV22rx5Me Me begynner med ein liten presentasjonsrunde, gjennomgang av utstyr og deretter om sikkerhet. Vil også vise korleis ein kjem seg opp i kajakken att viss uhellet er ute, korleis ein setter seg oppi kajakken og kjem seg ut att. Viss du aldri har padlet kajakk før går det ofte ein halvtime til å bli vandt til det og få kontrollen , denne tiden brukar me i nærheten av startpunktet.

Krav til deltakarene:

Alle deltakarane må kunne symje og vere komfortabel med å opphalde seg i vatn viss uhellet skulle være ute og kajakken veltar. Guiden vil hjelpe og få deltageren trygt oppi kajakken igjen for å fortsette turen. Du må vera i normal fysisk form. Du må også kunne gå i ulendt terreng på heile turens lengde. Denne turen går i høyfjellet og du må kunne pakke med deg klær etter forholdene, men også med tanke på at været fort kan skifte. Nokon i gruppa må også hjelpe til å bære litt sikkerhetsutstyr som vindsekk og sitteunderlag.

Pakkeliste (må ha)

  • Tørt klesskift

  • Ullundertøy (lag på lag prinsippet)

  • Mellomplagg

  • Tynn boblejakke eller tilsvarende

  • Gode vanntette terrengsko eller fjellsko

  • Skalljakke med god hette

  • Skallbukse

  • Tynne votter eller hansker

  • Hue

  • Solbriller

  • Caps (viss ynskjeleg)

  • Solkrem

  • Tett pose eller mappe til telefon og annet elektronisk utstyr som ikke tåler vann

  • Lunsj

  • Drikke

  • Dagstursekk (30 liter)

  • Vindsekk viss du har

  • Liggeunderlag/sitteunderlag viss du har

Inkludert i prisen:

  • Guide

  • Sikkerhetsutstyr

  • Kajakkutstyr

  • Taxi tilbake til utgangspunktet

  • Henting av kajakker

Ikkje inkludert i prisen

  • Forsikring

  • Transport til eller frå Porsmyr eller avtalt møteplass

  • Mat og drikke

Gruppestørrelse er maksimum 6 stk. Aldersgrense på denne turen 12 år, og må vera symjedyktig.

14 timars tur inkludert intro og lunsj

1-2 personer kr. 8900,.

For grupper større enn 2 stk. +1300 pr. person. (maks 6 stk)

Ved å bestille denne aktiviteten godtar du vilkårene som ligger her