Kajakktur på Hardangerfjorden

Bestill her
Person i kajakk på vannet nær en steinete kystlinje og grønne trær.

8 timers tur til Botnen med tur til utsiktspunkt

Denna turen er perfekt heildagsaktivitet for familien og som ein god intro til kajakk. Padleturen inn til Botnen er omlag 6.5km og me brukar ca. 1.5-2 timar og padle inn. Deretter går me i roleg tempo gjennom den nydelege fråflytta bygda Botnen og videre opp til eit flott utsiktspunkt der me får god utsikt viss været er med oss. Terrenget og omgjevnadane er nydelege i dette området her. Deretter ventar returen og er det forhold for det so prøver me å padle på motsatt side av sundet tilbake. Me brukar ca 8 timar totalt på denne aktiviteten inkludert intro og lunsj.

Dykk møter guiden i Porsmyr, bruk gjerne Google maps-linken her https://maps.app.goo.gl/Ba1iwwSikDHV22rx5Me Me begynner med ein liten presentasjonsrunde, gjennomgang av utstyr og deretter om sikkerhet. Vil også vise korleis ein kjem seg opp i kajakken att viss uhellet er ute, korleis ein setter seg oppi kajakken og kjem seg ut att. Viss du aldri har padlet kajakk før går det ofte ein halvtime til å bli vandt til det og få kontrollen , denne tiden brukar me i nærheten av startpunktet.

Krav til deltakarene:

Alle deltakarane må kunne symje og vere komfortabel med å opphalde seg i vatn viss uhellet skulle være ute og kajakken går rundt. Guiden vil hjelpe og få deltageren trygt oppi kajakken igjen for å fortsette turen. Du må vera i normal fysisk form. Du må også kunne gå i ulendt terreng på heile turens lengde.

Pakkeliste:

  • Tørt klesskift

  • Varme og gode underklær etter vær og temperatur.

  • Gode terrengsko eller fjellsko

  • Badetøy og handduk viss du vil bade

  • Regnjakke/skallbekledning etter behov

  • Solbriller og caps

  • Solkrem

  • Tett pose eller mappe til telefon og annet elektronisk utstyr som ikke tåler vann

  • Lunsj

  • Drikke

Inkludert i prisen:

  • Guide

  • Sikkerhetsutstyr

  • Kajakkutstyr

Ikkje inkludert i prisen

  • Forsikring

  • Transport til eller frå Porsmyr eller avtalt møteplass

  • Mat og drikke

Gruppestørrelse er maksimum 6 stk. Aldersgrense på denne turen 10 år, men må då sitte i tandemkajakkk og må vera symjedyktig.

8 timars tur inkludert intro og lunsj

1-2 personer kr. 5900

Ved grupper over 2. + kr. 1100,- ekstra pr. person

Ved å bestille denne aktiviteten godtar du vilkårene som ligger her