Store Skagastølstind
Den 6. - 7. mars.2026
Store Skagastølstind er med sine 2405 meter over havet det tredje høgaste fjellet i Noreg, og det høgaste i Vestland Fylke. Det ikoniske fjellet er ein del av den høgastliggjande fjellrekka i Noreg - Styggedals-og Skagastølsryggen. Fjellrekka ligg i Hurrungane som igjen ligg sørvest i Jotunheimen. Dette fjellområdet er av mange rekna som det mest alpine fjellområdet me har i Noreg - og det er ikkje utan grunn! Det er eit barskt vêr og klima her med bratte fjell som som er omkransa av brear. Den gjennomsnittlege temperaturen her er låg og det er ikkje uvanleg at det kan snøa midtsommars.
Eg har vore fleire gongar til Storen, men ikkje på vinteren, so det hadde eg til gode. Det vart gjort eit forsøk på vinterbestigning i midten av november 2023, men lukkast ikkje den gongen, so no var det tid for revansj!!!
Eg og Ruben hadde prøvd å få til klatring saman i lengre tid, men ikkje fått det til, før no. Ein enkel melding med spørsmål om tur til Storen 7. og 8. mars, og endeleg klaffa det. Då var det berre å håpe på at forholda vart ok og at det vert gjennomførbart, noko som på ingen måte er garantert. Men datoene var iallfall settla, so forsøk skulle det bli! Var det for shitty vêr so avtalte me at me skulle klatre noko is istadenfor - ein attraktiv plan B!
Det begynte å nærme seg og me fulgte med på både værvarsel og skredvarsel nokre veker i forvegen for å ha ein liten anelse om kva snøforhold me kom til å møte. Store deler av turen går i KAST 3 terreng, altso komplekst skredterreng der me går i brattare terreng enn 30 grader, so me tek ingen sjanser når det gjelder skred. No hadde me fått med oss Bjørnar på laget også - rutta klatrer og eg er alltid åpen for nytt bekjentskap, det er stas. Været såg ut som det blei so som so, men etter kvart vart meldingane berre bedre og bedre og forhåpningane steig. Men skredvarslet låg å lurte og endte på faregrad 3 på avreisedagen med vedvarande svakt lag høgt i snødekket, so me var veldig spente på kva forhold me kom til å møte på. Med tanke på varselet so var me veldig innstilte på at me var nødt å snu og me var einige om å ta skredfaren på alvor.
Dagen var komt og me var sjukt klar for Storen. Var på jobb til vanleg tid og møtte Ruben og Bjørnar på Voss i fire-tida. Kjapt inn på Rema og handle noko lite med mat og snacks, so avgårdekåre mot Turtagrø.
Planen er å gå opp til Tindeklubbhytta på fredags kveld, overnatte der, bestige Storen på laurdagen, og so ned att frå hytta på søndagen. Ei deilig alpin helg i vente!
Me planlegger å gå Andrew’s Renne, som er den mest brukte ruta på vinterstid. Dette er ei grei rute, og viss ein begynner klatringa der innsteget er so er det 3-4 taulengder. Nokon kan nok føle behov for å sikre endå lengre ned der svaene begynner, då blir det for nokre taulengder ekstra. Me valgte å gå heilt opp til innsteget utan å sikre, men det krever at alle er ganske komfortable med det.
Foto: Ruben Mjaaseth
Pakking av sekker i nokolunde kaos og regnvêr er ikkje det mest optimale, og me må for all del ikkje gløyme noko no, samstundes so ynskjer me ikkje å ha med oss for mykje heller. I bilen hadde me alt me trengde for å bu i telt også, so det vart ein del pø.
Me var i gang og det var noko dårleg vêr opp til hytta ja, blanding av regn og sludd. Men det er jo ikkje so veldig langt so rekker ikkje bli veldig våt på turen opp, og me satsa på at me fekk fyr i ovnen og at me får tørka litt kleder når me kom opp. På veg opp fekk me fleire veldig tydelige drønn i snødekket. Tynt snødekke på myrområder innover dalen er jo meir sårbart for dannelse av kantkorn, men likevel tydelige fareteikn. Litt høgare opp so må me jo forsere eit brattheng som er brattare enn 30 grader, og med faregrad 3 og tydelige faretegn so tek me dette med skredfaren blodseriøst. Me var jo egentleg veldig innstilt på at turen som heilhet kanskje ikkje kunne gjennoførast med tanke på akkurat den høge skredfaren, og me var einige om å ta konservative valg. Når me kom høgare opp og i litt meir relevant terreng i forhold til bratthengene me må forsere so tok me nokre kjapptester av snødekket, og det var heilt andre forhold der. Me fann ingen tydelige tegn til skredfare videre, so me gjorde risikoreduserande tiltak med å gå med avlastningsavstand opp bratthenget.
Fellene klabba noko heilt forferdelig på veg oppover, det er heilt typisk viss ein begynner i veldig våt snø lengre nede, for so å koma til kaldare og tørrare snø høgare oppe, berre å gjere det beste ut av det, blei god trening. I dette øyeblikket var det iallfall godt å sjå hytta - som alltid!
Vel inne på hytta og klokka slo ca 23:00. No var det berre å få fyr i ovnen, tørke klær, smelte snø til middagen og til morgondagen og so komma seg i seng.
Når me endelig hadde komt oss litt i stand og begynte å nærme seg middagstid so drar Ruben opp DEN overreaskelsen - 3 deilige øl til middagen! Fy søren, noko digg då! Takk, Ruben!
Foto: Ruben Mjaaseth
Liten stemningsrapport frå middagen. Går lang tid å få varme i hytta, so det er berre å kle på seg med det ein har av varme klær ja. Klokka hadde bikka 00:00 her, og det har vore leggetid for lengst. Med planer om å stå opp 05:00 vert det ikkje mange timane med søvn! Men det går fint, kvile kan me gjere ein annen gong. Middag og øl fortært, då var det tid for å koma seg i seng.
Den store dagen var der og me var klare for avmarsj ca. 06:30, halvtime seinare enn planlagt, men me rekna med me hadde ok tid, so det gjekk fint. Utrulig fint og blått lys på morgonen her, skikkelig blåtime. Det var mørkare enn det ser ut på biletet so hovudlyktene vart tatt fram den fyrste tida av turen.
Foto: Bjørnar Iden Bjerkeset
Det var ein trolsk stemning her, men i fylgje værvarselet so skulle det verkeleg skinne opp i løpet av dagen. Det skulle vise seg å stemme på ein prikk!
Foto: Ruben Mjaaseth
Frå Tindeklubbhytta og opp til Bandet so er det og nokre brattheng å forsere. Det er jo fortsatt faregrad 3 og varsla vedvarande svake lag, so me ville vere so sikre som mogleg at me ikkje gjorde noko dumt. Framleis fann me ingen teikn til ustabilt snødekke so me gjekk vidare. Men her er eit typisk eksempel på ein slik enkel kjapptest der ein skjærer ut ei lita blokk som seier mykje om det øverste laget. Det er jo sjølvsagt viktig her at ein veit kva ein ser etter og at det eventuelle svake laget ligg so høgt i snødekket so ein finn det.
Det var skikkeleg drit å gå opp bratthenget då det var skare med 5-10cm heilt tørr pudder frå gårsdagens og nattas nedbør. Det var veldig dårlig feste til stålkanten og det var sånn heilt i grenseland at me klarte det med ski på på forsvarleg vis. Her hadde det vore heilt glimrande med skarejern, men det hadde me ikkje med oss. Men det er jo strøkent føre når me skal ned igjen då.
Foto: Bjørnar Iden Bjerkeset
Vel oppe med Hytta på bandet og me tok på oss klatreutstyret og gjorde oss klare til sjølve klatredelen av turen. Været som var varsla har verkjeleg slått til, heilt strøkent! Me valgte å setja att skiene her, men sett i ettertid hadde det vore skikkelig kult å hatt med skiene oppover for snøflanken var utrulig fin og føret var nokolunde bra. Men får ta det neste gong. Uansett var stegjern og sele på her so var det gjort iallfall, og ofte litt isete oppove nokre partier, so det er greit å berre ta dei på. Øksene blei på sekken ei stund til, og me gjekk videre opp med staver.
And up it goes. Det er vedvarande 35-40 grader bratt mesteparten før det bratner endå meir til mot slutten før klatredelen. Det var egentlig veldig god snø å gå i og me fekk satt gode spor utan at me sank for djupt ned. Me bytta på å gå fyrst for det er stor forskjell på å gå fyrst og sist. Mot slutten før klatringa tek til so bratner det veldig til, og det blir klatring med to økser på både snø, is og innslag av fjell. No begynnar det å nerme seg noko og me er snart oppe der klatringa tek til.
Foto: Ruben Mjaaseth
Mind the taped hole, haha! Litt innslag av fjell blei det også, og dette er egentleg det siste opptaket før ein kjem opp til innsteget. Me hadde planlagt å gå Andrews renne, og den ligg like over her. Det kan sjå ut som det er stjerner på himmelen på dette biletet, men her er det små partikler med snø og is som konstant rasar ned. Dette er pågrunn av sola som varmer og smelter snø og is.
Og endeleg var me i gang med sjølve klatringa! Ruben fekk æren av fyrste taulengde, og det følest deilig å koma i gang med den. Når ein går Andrew’s Renne er det viktig å ikkje gå inn i renna for tidleg, då det er veldig fristande og ser veldig naturleg ut å gå inn der. Då blir det fort ei taulengde ekstra med klatring. Når ein ser renna so holder ein til høgre for å komme til innsteget.
Foto: Bjørnar Iden Bjerkeset
Andre taulengde blei min i bratt og flott miks klatring. Frå standplass såg det ut til at det var god og tjukk is som kunne skruast i, men det var veldig feil. Men isen var nokolunde greit å klatre i, og egentleg veldig godt hold til øksene, og eg fekk heldigvis inn eit par gode kiler, so då var det berre å gunne på resten. Over oss so kom det heile tida ned snø/is som hang frå fjellet over, men det var ingen store ting som kunne komme ned, so me vurderte det til at det var trygt nok. Kom nokon snørutsjer ned som blei løyst ut av desse tappane, so det var ikkje heilt ideelle forhold. I videoen under her ser du ein snørutsj kjem rett på meg mens eg står og prøver å få inn noko sikringer.
Her kan ein dele taulengdene litt som ein vil egentlig, ein kan ta dei to neste taulengdene her i ein heil viss ein vil. Eg fekk ein del taudrag og eg satte standplassen etter 30 meter, so då vart det to taulengder her.
Video: Bjørnar Iden Bjerkeseth
Liten stemningsrapport frå andre taulengde, haha. Var skikkelig kul klatring og den alpine følelsen her altso!
Og ein liten stemningsrapport frå 3. taulengde. Her kjempar Bjørnar seg opp denne trange renna
So var det klart for den 4. og siste taulengden, og denne tok oss heilt til toppen. Ruben ledet denne. Ganske grei klatring med eit lite crux i midten som ein ikkje ser her på biletet, men var ganske grei skuring. Resten er egentleg berre klyving til topps.
Og endeleg var guttakrutt på toppen, det var skikkelig nice! Lite vind, sol, og ein deilig temperatur! Rått altso!
Foto: Ruben Mjaaseth
So var det berre å begynne å jobbe igjen. Litt pissing, litt kveiling av tau, og nyting av utsikt. Fytti, sjekk denne utsikten då! Er det mulig? Det er ein so sjuk følelse å stå her opp, det er heilt rått! Eg tenker at eg er utrulig priviligert som har muligheten til dette her, det er jo ingen menneskerett og absolutt ingen sjølvfølge at ein har helse og evne til det, eller so gode og kompetente kompiser, nei rett og slett heldig…
Foto: Bjørnar Iden Bjerkeset
For returen sin del so er normalvegen ned vanskeleg å koma til på vinteren, so det enklaste er å rappellere ned igjen Andrew’s Renne. Her er fyrste rappellen og me står heilt i toppen av renna. Ein bankebolt og ein blå offset måtte ofrast til fjellgudane for ein trygg rappellretur nedatt. Den siste som rappellerer tar med seg backupen som ein ser heilt til høgre i biletet.
Foto: Bjørnar Iden Bjerkeset
Sola er på veg ned det har vore ein lang dag. Å kvile hovudet litt og lukke augene er ikkje heilt feil når ein henger på standplass og venter på tur til rappell… Nederst i renna (der det er fristende å gå inn på veg opp, men som ein kan gå forbi) henger det to bankeboltar som ein kan rappellere frå, det er disse me er ved her. Dette er den nest siste rappellen egentlig, men då det var veldig dårleg snøforhold å nedklatre til den nederste etablerte rappellen ned svaene, valgte me å ta ein ekstra rappell der. Der Ruben står i rappell-biletet, bygde me eit siste rappellanker som skulle ta oss ned til det etablerte rappellankeret ned Svaene. Det blei 5 rappeller nedatt frå majesteten denne gongen.
Nok ein overraskelse! Nor me kom ned til Hytta på bandet att so var det jaggu nokon som hadde lagt frå seg ein energidrikk og sjokolade til oss. Dei visste nok at det blei seine kvelden på oss, so det var no greitt. Takk til den det måtte vera, blei satt stor pris på! Fjellfolk altso!
Film: Ruben Mjaaseth
Og ved hytta på bandet var det å få på oss skiene og suse ned. Her ned Skagastølsbreen, noko strøkent føre då, men ikkje la deg forstyrre av lyden av skare under pudderen, haha.
Foto: Ruben Mjaaseth
Når me gjekk over Skagastølsvatnet fekk me Aurora Borealis over oss, eit nydelig skue var det, og noko magisk med heile opplevelsen. Vinter, kveld, mørkt, kaldt - ah, fjellet!
Heretter bar det rett på hytta, mekket oss noko middag og kraup til køys. Dagen etter vart det ein rolig morgon med frukost av det me hadde igjen av mat, kaffi, fyr i ovnen, fjellprat og skryting, og riktig so koselig. Fint vær var det so krusingen ned til Turtagrø blei skikkelig fin, iallfall heilt ned til den siste kneika. Derifrå var det so lite snø at det blei å finne minste motstands veg, men me kom oss faktisk heilt til parkeringen utan å ta av oss skidna.
Nei, ein knakande god tur. I og med at me var so innstilte på at me kanskje ikkje klarte å gjennomføre turen pågrunn av skredforholdene eller at værvindauga ikkje skulle koma som lova, so er det ekstra kult å ha gjennomført det. Me synest me gjorde gode og grundige vurderinger undervegs, og me har ikkje tatt sjangsar - det er ein god følelse.
Takk for turen gutta!
Til slutt, håpar eg har tent ein gnist hos nokon som er gira på å bestige Storen på vinteren, eller nokon som lurer litt på ruta og kva ein kan forvente. Og so håpar eg dykk alle hadde glede av lesinga.
Eg tar veldig gjerne imot tilbakemeldinger på innhaldet og om dykk skulle ynskje noko annet var med i innlegget.
Takk til alle som har lest! Me sjåast i fjellet!